Det har no vore eit fint men kaldt ver i snart tre veker. Det ligg litt snø på marka, men den er hardfrosen og det er store flekkar med bar mark. Her ved husa er det no lite med sol, berre knapt ein time mellom eit og to på ettermiddagen. Eg tok meg ein tur opp gjennom skogen opp til Nausen me kallar. Der nådde sola meg, og sjølv om ho ikkje varmar så mykje no, så lyser ho opp.
Råsa var islagt, så her mått ein trå varsamt for ikkje å gli.
Her oppe stod det i min barndom fire vårfjøsar, dei var i bruk fram til i slutten av 1940 åra. Bøndene slepte budskapen til utmarksbeite i mai - juni, og då tok dei kyrne inn i desse fjøsane om kvelden til mjelking. Dyra stod der gjerne natta over og vart melka om morgonen før det slapp ut att. No er det berre tuftene att og nedfalne murar, av desse små husa. Her har nokon rydda i ei av tuftene og laga ein fin rasteplass.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar