torsdag 23. desember 2010

Kvit Jul


Etter nokre dagar med lette snøbyer,er det no kaldt og klart ver att. Så i år ser det ut til at me får kvit jul.  Denne vinteren vert lang, me har allerie hatt to månader med snø og kaldt ver, så kanskje vert det 4 månader til før vårsola smeltar snøen. Det går hardt på maten til småfuglane, i den sjølvlaga fuglemateren min går det 4 liter solsikkefrø i gongen, og det held berre to dagar no. Men det er ikkje berre småfuglar som forsyner seg, her ein dag sat også ei kråke og godjorde seg av frøa. Det var ein fin morgon i dag med klar himmel og 9 kuldegrader ute. Då eg var og henta posten var månen endå å sjå på himmelen. Det er lite me ser av sola no her som me bur. Berre lyset av henne over fjella i totida om ettermiddagen. Men no har sola snutt som me seier, og stig med eit hanesteg for dag, som mor mi altid sa. Så det går mot lysare dagar.

I går kveld var me og pynta juletreet på Bedehuset og gjorde klart til julefest på 3.dag jul. Og heime er det meste gjort og i kveld ventar me på julegjesten vår. Me vert 7 på juleaftan og det gler me osss til. Så ynskjer eg alle som les denne bloggen ei god og velsigna jul.




Ingen kommentarer: