Det har vore nokre fine men kalde juledagar, med mest klar himmel og 12 kuldegrader om dagen. Sola greier ikkje å varme opp, men det er fint å sjå sollyset. Me feira jula heime, med besøk av familie. På julekvelden var me 5 vaksne og 2 born. Julefeiringa starta i Kyrkja, med familigudsteneste klokka 15. Der song barnekoret, og der har me 3 barnebarn med. Det var også to av våre barnebarn som las teksta, juleevangeliet. Det er kjekt å vere besteforeldre og få oppleve at barnebarna er med i kyrkja.
I dag gjekk eg meg ein tur utover vegen, når ein kler seg godt, er det frikst å vere ute. Frostrøyken låg i fjorden, opplyst av solyset. Det er trygge snøforhold i fjellet, og mange er det som prøver seg i fjellsidene både frå Nivane,900m. og Saudehornet 1300m. I morgon har søndagsskulen vår julefest på bedehuset, og til nyttårshelga får me meir besøk i huset. Forsatt god jul.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar