søndag 12. desember 2010

Førjulstid

Etter at me hadde tre veker med kaldt fint ver, fekk me ei veke med snø. På nokre dager kom det snart ein halvmeter me  fin lett snø, og ute var det julekortstemning. Men så slo det om til mildver og fredag regna det og det vart is og glatt. 
I dag tidleg då eg såg ut av glaset var himmelen klar og og målaren viste 4 kuldegrader. Det var eit så fint lys ute, og eg måtte berre gå meg ein tur og nyte morgonen.

I denne førjulstida då alle foreiningar og lag skal ha sine Juleavsluttningar og adventsfestar, så vert det mykje god mat å få i seg. I går kveld var eg og Jorun i Ålesund på Y`s Men`s  sin adventsfest. Den opna med Gudsteneste i Volsdalens Kyrkje og så var det festsund i Kyrkjelydshuset der. Det var ein koseleg fest og sjølvsagt god julemat.

Det var farleg glatt å gå tur i dag tidleg, men eg kom meg velberga heim. Dagen lysna og sola kjem kanskje fram etter kvart. Her me bur er det no lite me får sjå til henne, berre ei liten halvtime utpå ettermiddagen. Men det gjer godt i sinne å sjå åt ho er der.

Ingen kommentarer: