Ute i Skorgeura ved elva der står det no tre gamle kvernhus. Tidlegare var der fleire, men no er det desse tre som står att. Dei vart ein gong på 70 talet sette i stand av komunen og Statens Kornforetning for att dei skulle verte eit minne om då dei var i bruk. Det var bøndene på Sætre, Hagen, Lystad og Sørheim som eigde desse husa og dei var i bruk fram til etter krigen.
Under krigen så vart dørene til husa blomberte av Tyskerane fordi dei ikkje skulle verte brukte, dei ville ha kornet sjølve. Men min far fortalde at bøndene fekk til å bryte seglet og så bruke kverna om natta, for så å sette sglet på att. Fordi det på skulen var stasjonerte soldatar, og den gamle bygdevegen gjkk like forbi skulen, måtte dei ro kornsekkane om natta ut til elva for å ikkje verte oppdaga.
Eg var ein tur ut til Skorgeelva no ein dag i denne veka. Det har vore ei lang periode med kaldt fint ver og elva er heilt tilfrosa. Kvernhusa står der nedfrosne og på rennene heng det is som lagar reine kunstverk.
No er dei gamle husa mest brukte til fotomotiv, men ei tid var dei nyttige i bruk for å få mjøl og mat til den daglege føde. Også no i den kalde årstida viste fotspora i snøen ved husa at der er mange som ser til dei. Så får me vone at dei framleis vert tekne vare på, så fleire generasjonar får sjå dei.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar