Sakte kom den gildande på speiblank fjord i 08 tida i dag. Det er ikkje ofte turistskip kjem inn i
fjorden vår, men i dag kom Discovery hitt for å legge til kai. Den er ikkje av dei store turistskipa,
men den kan ha 700 passasjrar med seg, står det å lese i avisa. Bygda viste seg ikkje frå si finaste
side i dag, men det var ikkje skodde i fjella og det regna ikkje. Og utover ettermiddagen gløtte også
sola fram. Og då båten fløyta til farvel og gjekk ut fjorden i 19 tida, så lyste kveldsola opp og
gav eit fint farvel.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar