For ei veke sidan kom det eit føl til verden hos naboen. Berre få timar etter fødselen var det ute saman med mora, og det er utruleg kor fort det greier både å gå og springe.
Då desse bilda var tekne, var følet berre nokre timar gamalt.
I dag var eg på min første tur i Skogedalen, det vil seie at eg var berre opp til Leitet.
Men det var ein fin tur. Kvitveisa står endå fin i skogen, og stien ligg som i ein grøn tunell mange stader.
Alt blomstrar så fint no om våren, sjølv det som me reknar for ugras er fint når det står i blomst.
Engkarse og Løvetann er som det finaste blomebedd.
Men også tullipaner og Brudespirea er fint i lag.
Det er fint å vere pensjonist å få oppleve desse fine vårdagane.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar