Etter at me tidleg i mai hadde mange dagar med fint og varmt ver, har det no vore på andre veka med regn og surt ver. Frukttrea som kom med blomst, står no noko ribba att, fordi regn og vind har piska blomane av. I natt var sørvesten så sterk att hagestolar og bord måtte bergast før vinden tok dei, og naboen sin nye teltpaviljong låg oppned og måtte bergast. No er eg veldig negativ og ser berre det som er trasigt. Eg må tilstå at eg er noko versjuk for tida. Bak huset står vårt epletre og to syrintre og blomstrar så fint i regnet. Eg måtte stad og take bilete av dei, for dei lyser opp i alt det våte. Om nokre dagar skin sola att og då er alt gløymt og me gled oss over livet og varmen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar