torsdag 19. mai 2011

Ikkje berre solskin og varme.

Det har no vore nokre dagar med kaldt og surt ver. I dag har temperaturen ikkje kome seg over 10 grader og regnbyene har kome titt. 

Skodda ligg i fjella og gjøymer toppane. 

 Eg tok desse bileta i 1330 tida i dag, midt i ei regnbye.

 Skogen står i fin vårdrakt, Heggen rosar, medan Ospetrea berre så vitt har fått blada sine. Men trea står og ventar på sol og varme dagar, slik at dei får vise seg i sin finaste skrud att.

Ingen kommentarer: