Helgetorsdag vart me med Rolf og Lise til Bjørke, Rolf skulle ha Gudsteneste der. Veret var grått og vått då me starta i nitida om morgone, men det betra seg utover dagen. Kyrkja på Bjørke er ikkje stor, men den er ei fin kyrkje med lune og varme fargar.
Etter Gudstenesta var det kyrkjekaffi på Bedehuset, som ligg ikkje så langt frå kyrkja.
Kyrkjekaffien var også sommaravsluttning for misjonsforeiningane i bygda,så matbordet var dekka med gode kaker. Me vart godt mottekne og det var ei koseleg samling saman med bygdefolket der.
Bjørke ligg innerst i Hjørungfjorden og er ikkje så stor ei bygd angåande folketal no. Dei har mist skule og butikk siste åra, men dei som bur i bygda og omliggande grender, står på og der er eit godt samhald i bygda, og der er eit rikt kulturliv. Me såg oss rundt og var både til Leira, Viddal og Finnes før me sette vegen heim i tretida om ettermiddagen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar