I eit dalføre mellom Voldafjorden og Nordfjord ligg bygda Bjørkedal. Bygda ligg ved det idylliske Bjørkedalsvatnet, og er omkransa av høge fjell. Bygda Bjørkedal er vide kjent for sine båtbyggartradisjonar gjennom mange hundre år. Og sjølv om det er mange kilometer til fjorden, og båtane måtte fraktast til fjorden med hest og handkraft, vart det bygt store båtar her.
Om kvelden den 6. juni var Volda og Ørsta Y`s Men`s Club på tur hitt og vitja båtbyggar og lokalhistorikar Jakob Helseth. Han tok oss med på båttur med ein av sine vikingskipmodellar, Vatnet låg speilblangt og fjella spegla seg i vatnet. Då det hadde regna denne dagen, låg det skodde i fjella og disen som låg over vatnet gav ein trolsk stemning.
Helseth fortalde at det i tidlegare tider var opptil 25 båtbyggeri rundt vatnet, og det var ikkje lov å bruke den fine furuskogen til anna enn båtbygging. No er det berre tre plassar att som det vert bygt båtar i bygda og det er mest robåtar som vert bygde.
Dei mest kjende båtane som er bygde her i nyare tid, er vikingskip kopiane til Ragnar Torseth. Han fek bygt to båtar her, og dei var han både til Island og Amerika med. Det var svert inntresant å høyre Jakob Helset fortelje frå bygda si historie.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar