søndag 26. desember 2010

2. juledag.

Det har vore nokre fine men kalde juledagar, med mest klar himmel og 12 kuldegrader om dagen. Sola greier ikkje å varme opp, men det er fint å sjå sollyset. Me feira jula heime, med besøk av familie. På julekvelden var me 5 vaksne og 2 born. Julefeiringa starta i Kyrkja, med familigudsteneste klokka 15. Der song barnekoret, og der har me 3 barnebarn med. Det var også to av våre barnebarn som las teksta, juleevangeliet. Det er kjekt å vere besteforeldre og få oppleve at barnebarna er med i kyrkja.
I dag gjekk eg meg ein tur utover vegen, når ein kler seg godt, er det frikst å vere ute. Frostrøyken låg i fjorden, opplyst av solyset. Det er trygge snøforhold i fjellet, og mange er det som prøver seg i fjellsidene både frå Nivane,900m. og Saudehornet 1300m. I morgon har søndagsskulen vår julefest på bedehuset, og til nyttårshelga får me meir besøk i huset. Forsatt god jul.

torsdag 23. desember 2010

Kvit Jul


Etter nokre dagar med lette snøbyer,er det no kaldt og klart ver att. Så i år ser det ut til at me får kvit jul.  Denne vinteren vert lang, me har allerie hatt to månader med snø og kaldt ver, så kanskje vert det 4 månader til før vårsola smeltar snøen. Det går hardt på maten til småfuglane, i den sjølvlaga fuglemateren min går det 4 liter solsikkefrø i gongen, og det held berre to dagar no. Men det er ikkje berre småfuglar som forsyner seg, her ein dag sat også ei kråke og godjorde seg av frøa. Det var ein fin morgon i dag med klar himmel og 9 kuldegrader ute. Då eg var og henta posten var månen endå å sjå på himmelen. Det er lite me ser av sola no her som me bur. Berre lyset av henne over fjella i totida om ettermiddagen. Men no har sola snutt som me seier, og stig med eit hanesteg for dag, som mor mi altid sa. Så det går mot lysare dagar.

I går kveld var me og pynta juletreet på Bedehuset og gjorde klart til julefest på 3.dag jul. Og heime er det meste gjort og i kveld ventar me på julegjesten vår. Me vert 7 på juleaftan og det gler me osss til. Så ynskjer eg alle som les denne bloggen ei god og velsigna jul.




lørdag 18. desember 2010

Ein julesong eg er glad i

I kyrkjekoret har me i fleire år no sunge ein julesong som eg har vorte glad i . Det er Svein Ellingsen sin oversetting av, In the bliak mid winter, av Christina Rossetti. I Ellingsen sin omsetjing vert det, Midt i hårdest  vinter, og me syng den med mellodi av Gustav Holst.

Midt i hårdest vinter skjdde det ein gang.
Som i jern lå jorden under vindens sang.
Sneen la eit teppe over iskald jord,
midt i hårdest vinter, ble Maria mor.

Han  som skulle fødes,
var Guds egen sønn.
Hvor var husrom? ingen
hørte Josefs bønn.
Men en stall ble åpnet
for de to til sist.
Å Maria fødte Jesus Krist.

Engler og kjeruber, kledd i himmelsk drakt,
kunne ha vert samlet rundt ham og holdt vakt.
Men ved krubben ser vi ingen englehær.
Josef og Maria kneler der.


Hva kan jeg vel bringe
med meg inn til han?
Hvis jeg var ein hyrde,
gav jeg han et lam.
Hvis jeg var ein konge,
gav jeg gull, men nå?
Hva har jeg?
Midt hjerte skal han få.


søndag 12. desember 2010

Førjulstid

Etter at me hadde tre veker med kaldt fint ver, fekk me ei veke med snø. På nokre dager kom det snart ein halvmeter me  fin lett snø, og ute var det julekortstemning. Men så slo det om til mildver og fredag regna det og det vart is og glatt. 
I dag tidleg då eg såg ut av glaset var himmelen klar og og målaren viste 4 kuldegrader. Det var eit så fint lys ute, og eg måtte berre gå meg ein tur og nyte morgonen.

I denne førjulstida då alle foreiningar og lag skal ha sine Juleavsluttningar og adventsfestar, så vert det mykje god mat å få i seg. I går kveld var eg og Jorun i Ålesund på Y`s Men`s  sin adventsfest. Den opna med Gudsteneste i Volsdalens Kyrkje og så var det festsund i Kyrkjelydshuset der. Det var ein koseleg fest og sjølvsagt god julemat.

Det var farleg glatt å gå tur i dag tidleg, men eg kom meg velberga heim. Dagen lysna og sola kjem kanskje fram etter kvart. Her me bur er det no lite me får sjå til henne, berre ei liten halvtime utpå ettermiddagen. Men det gjer godt i sinne å sjå åt ho er der.

fredag 3. desember 2010

Ei liten trimtur

Det har no vore eit fint men kaldt ver i snart tre veker. Det ligg litt snø på marka, men den er hardfrosen og det er store flekkar med bar mark. Her ved husa er det no lite med sol, berre knapt ein time mellom eit og to på ettermiddagen. Eg tok meg ein tur opp gjennom skogen opp til Nausen me kallar. Der nådde sola meg, og sjølv om ho ikkje varmar så mykje no, så lyser ho opp.

Råsa var islagt, så her mått ein trå varsamt for ikkje å gli.


Her oppe stod det i min barndom fire vårfjøsar, dei var i bruk fram til i slutten av 1940 åra. Bøndene slepte budskapen til utmarksbeite i mai -  juni, og då tok dei kyrne inn i desse fjøsane om kvelden til mjelking. Dyra stod der gjerne natta over og vart melka om morgonen før det slapp ut att. No er det berre tuftene att og nedfalne murar, av desse små husa. Her har nokon rydda i ei av tuftene og laga ein fin rasteplass.