Det som står skreve om denne kyrkja at den vart bygd i 1824, men mykje av det fine og detaljrike interiøre er endå gamlare, og er flytta frå andre kyrkjer. Ein veit at her på denne plassen har det stått kyrkjer frå 1382 og kanskje endå tidlegare.
Altarskapet i kyrkja skal vere frå 1520 og er laga i Nederland. Det høyrer til den såkalla Lekagruppen på 5 altarskap som det er knytta ei spesiel fortelling til.
I midten står Maria med Jesusbarnet på arma. Til venstre står Stefanus, som var den første martyr. Den tredje er St. Katarina, som også er ein kristen martyr.
Utsikt frå kyrkjebakken
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar