Bø kyrkje står på garden Bø på vegen mot Steine. Dette er ein gamal kyrkjestad og Bø kommune skriv om denne kyrkja at den vart innvigd i 1824. Det er ei korskyrkje og den har 370 sitjeplassar. Men denne kyrkja er den 6. som står på denne staden. Den fyrste kyrkja var truleg bygd i 1340og er nemnd i gamle skrifter frå 1381. Kyrkja ligg i eit ope landskap med utsikt mot havet, og med fjella på Hadseløya og Lofoten i bakgrunnen. Der er i dag lite bebyggelse på garden Bø, men kommunen skriv at det i gamal tid var eit aktivt fiskevær her med stor aktivitet under fiskeria.
Dette bilde tok eg i slutten av 1970åra.
Jorun var døypt og konfirmert i denne kyrkja.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar