Far min med slåmaskinen
Eg sat og ordna i gamle bilder ein dag, og då kom eg over nokre bilder frå slåtteonna i min ungdom. Eg vaks opp på eit lite gardsbruk som var brattlent og nokså tungdrive. Der var ikkje traktor, eller moderne motoriserte redskaper på garden, og einaste trekkrafta var hesten og handemakt. Far min hadde tidleg kjøpt seg slåmaskin som hesten drog. Det var ein svert god reidskap, men den var tung å drage for hesten.
Då graset var slege, var det å settje opp hesjer. Me strekte på ein og ein streng og la graset på med høygaffel. Det vart strekt 5 strengar å kvar hesje, og var graset vått var dette ein tung jobb, som ofte vart gjort i regnver. For at hesjene skulle stå, vart det sett opp skorer, eller støtter, på kvar 4. eller 5. staur, og dei var forankra i endane med 2 nabbar, eller pålar som var slegne godt ned i jorda.
Når høyet var turt i hesjene vart det teke ut og lest i høyvognen. Desse vognene, eller kjerrene som me seier, hadde høge karmar så dei tok mykje høy med seg i lasset. Det vart trakka godt ihop for å få mykje i.
Det var ikkje så lett for hesten å drage dei tunge høykjerrene i det bratte terenget, med fjordingen er ein sterk og god arbeidshest som gredde det meste.
Også det å køyre dei fulleste vognene i det bratte terenget, var eit arbeid som trong god kunskap og rolig framferd. Det er stor skilnad på då og som det er no, med rundballar, og store traktorar i arbeid. Men på desse små og brattlente markane kunne ikkje dagens maskiner arbeide. Slåtta den gongen var nok tung og tungvint, og dei bøndene som hadde dette som sitt levebrød, sleit ofte med tunge tak. Men me som ser tibake på den tida no, har mange fine minner, og har ofte gløymt det som ikkje var så kjekt å vere med på.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar