Det er fortalt at i juli år 1515 reiste prinsessen av Nederland med eit fylgje på 15 skip frå Nederland til Danmark. Ho skulle til København der ho skulle gifte seg med Christian II, konge av Danmark fra 1513 - 23. Prinsessa var då 14 år gamal. Med på reisa var presten Erik Valkendrof (1450-1522), erkebiskop i Nidaros. Det vart eit forrykande uver, og vel framme i København var prinsessa både sjuk og sliten, og ho yngste å gi ei gåve til kyrkja som takk for at dei berga seg igjennom stormen. Gåva var 5 altarskap, og det var vel erkebiskopen som var med på reisa som fekk dei plasert i kyrkjer langs Norskekysten. Altarskapa vert kalla Leka gruppa, og vart plaserte i kyrkjene i Leka, Røst, Grip, Hadsel. Om det siste skapet står det i summe skrifter at det er i Kinn og andre seier Ørsta.
Altarskapet i Røst kyrkje
Grip kyrkje
Leka kyrkje
Hadsel kyrkje
Ørsta kyrkje
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar