mandag 27. september 2010

Ein fin haustdag

Laurdag den 25. sept. var det endeleg slutt på regn og skodde og dagen stod fram med klar og
fin sol frå skyfri himmmel. Kona og eg køyrde fram i Romedalen, ein sidedal til Follestaddalen, og gjekk framover setrevegen. Dalen hadde tidlegare fleire setre støylar, men no er der berre to att, Kubbestøylen, som ligg heim i dalen, og Steinestøylen som er i fremste enden av dalenn. Der er laga ein god veg heilt til Steinestøylen. Dalen er brukt til beite både for storfe og sau, og der var fleire bønder som var og såg etter sauer som endå stod oppe i fjelsidene. Dalbotnen er flat og fin og har gode beite for storfe, men dalen er ommkransa av høge ville fjell som sauene ofte går seg faste i.

Den mektige og poppolere Kolåstinden, 1432 m.o.h. kneiser over dalen. Det er ein av dei mest besøkte fjella på desse kantar, men ruta til toppen går ikkje frå denne sida av fjellet.


Lenger fram i dalen ligg Romedalstinden, 1295, den har fått litt nysnø i toppen. Den er også eit ettertrakta turmål for dei som likar ei meir spennande utfordring.

Lengst fram i dalen ser me det spisse Hallehornet , og Middagshornet, 1091 meter høgt.



Den andre sida av dalen har også fleire høge fjell som er over 1000 meter, her ser me fremste Høgehornet som er 1040 meter høgt. Romedalen er ein mykje brukt turdal, og me hadde ein fin tur denne dagen.

Ingen kommentarer: