Ein liten rast, med utsikt mot Førde
No er det ei stund sidan eg skreiv i bloggen, men no er eg på att. Det har vore ein haust med både fine dagar og regnfulle dagar. Tidleg i oktober var me i Førde og feira gebursdagagane til Borghild og Astrid. Då var eg saman med born og borneborn på tur til Eikåsnipa. Det var ein passeleg lang tur for ein litt utrena gamal kropp. Veret denne formiddagen var bra, men vinden tok godt då me kom oppom tregrensa.Frå toppen hadde me fin utsikt mot Jølster
Oktober er ein måne der naturen går frå summar til haust og stundom kjem vinteren mot slutten når me nermar oss november.
Fargane går over frå frodigt grønt til meir brune og raude.
Sjølv om hausten er fin med sitt fine fargespel i naturen, så er det noko vemodigt ved han. Det går mot kaldare og mørkare tider. Og i år kom snøen tidleg, allereie i dag den 20. okt. vakna me til kvite markar.
Hageplantene streva med å stå oppreiste.
og fucsian syntest sikkert at det var litt for kaldt.
Det er kanskje alderen, men eg må tilstå at eg ikkje lenger gler meg over snøen og alt den fører med seg, som snømåking, vinterføre på vegane og isskraping. Men me får take imot han i år også og gle oss over at me har varme hus å vere i, og så nyte dei fine dagane som også høyrer vinteren til.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar