I vår er det som kvitveisa, eller kvitsymra, viser seg frå sin aller finaste prakt. Ho dekker skogbotnen og markane og er som eit kvitt teppe med sine kvte fine blomar. 2. mai gjekk eg meg ein tur og tok bilder av dette blometeppe som breiar seg utover utmarka. Det er som ein får dårleg samvet av å trakke i det fine beddet.
Medan eg gjekk der i marka, kom eg til å tenke på ein plass ovanfor husa på Sætre, der me i min barndom fann Kusymre. Denne viltvoksande Primulaen som er så fin med sine gule blomar. Eg ville prøve om eg fann att denne staden. Den vart kalla Geiterysta og ligg oppe i lia ovanfor husa i det som no er Sætrebakkane, eit nytt byggefelt. Terenget er no heilt forandra sidan byggefeltet kom, og der er laga ein kanal i terenget bak husa. Eg streva meg gjennom krattskog og einar og kom til slutt i urørd natur, men eg fann ingen Symre. Men då eg var i ferd med å gi opp, stod ho der, nedfor føtene mine, ein liten plante i full blomst. Det var ikkje som eg hugsa, eit gult teppe av blomar, men to tre planter i graset.
Så fekk eg då løn for strevet, og kunne vende ned att gjennom skogen, som er så altfor tettvoksen, reine jungelen sume stader.