Nede ved sjøkanten ute i Skorgeura ligg det ein stein som vert kalla Skyttaren. I min barndom var
denne steinen ein spennande leikeplass, der han låg i fjøra nedom skulen. No går E39 like oppom og tilkomst vegen til ein lagringsplass stryk så vidt forbi.
Det var knytt mange spennand historier til denne steinen, som har ein liten hellar under seg, der det under krigen var mellomlagra våpen av heimefronten. Og som det gjekk segner om var brukt til boplass. Også Huldra budde der, vart det fortalt oss borna.
Under steinen er der ein hellar.
Under steinen er det ein mjukare steinsort som vatnet har hola ut gjennom tidene.
Så ligg steinen der vekkgløymd, med si spennande og mystiske historie. Den har vorte spart for dynamittens kraft, men er ikkje lenger ein leikeplass for eventyrlystne born.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar