Då eg vakna i dag høyrde eg at det spruta frå bilane som køyrde forbi, og det surkla og rann i takrenna. Det var tydleg at den fine nysnøen som kom natt til søndag no vart til surpe og vatn. Når eg seinare såg ut låg skodda i fjella og det regna. Etter morgonkaffien var eg og henta avisa og då måtte eg passe meg for ikkje å verte våt av sprut frå bilane som hasta forbi.
Men dei grøne plantene i naboens hage gir ei von om våren som snart er her. I dag er det måndag og me skal treffe pensjonistvener på kafe og det vert eit lyspunkt i ein litt grå og våt dag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar