Snøen ligg endå på markane, men den er ikkje djup og oppjennom lia er det store bare flekkar. I går tok eg meg ein tur til Nausen, etter fotefara i snøen å døme, var eg ikkje den første som har teke den turen.
Mellom granen oppe på Nernausen var marka bar, og mosen var grøn.
Ein liten avstikkar frå råsa gav meg fin utsikt over fjorden og mot bygdebyen. Lenger oppe ved dei gamle fjøsmurane hadde nokon hengt opp ei panne til å grille i.
Det såg ut som fleire hadde kosa seg der og grilla. Høgare oppe i fjellsida ligg snøen endå så djup at det er vanskeleg å gå utan ski, så eg vende ned att der. Men eg fekk meg ein fin trimtur.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar