I glaskarmen på kjøkenet heime står to planter som Jorun har ekstra kjære. Kløver kallar ho dei, og dei er inporterte frå Vesterålen. No står det ekstre fine med små kvite roser . Dei er litt artige desse kløverane, når kvelden kjem så lukker dei seg for natta, og så snart morgonlyset kjem, opnar det seg att. Så når me sit ved frukostbordet så står dei der og smiler morgonfrikst til oss.

tirsdag 29. mars 2011
lørdag 26. mars 2011
Mars morgon
Så kom nordvesten med ny påfyll av snø. Men i natt klarna det opp og kuldegradene og klarver tok over.
No i mars skal det ikkje mange kuldegrader til før isen legg seg i fjøra når fjorden ligg blank og still.
Eit tynt islag har vorte knust mot steinane når sjøen har gått ned.
Det var litt vårstemning, sølv om is og nysnø dekte fjøra og fjella endå er kvite.
Skyttaren
Nede ved sjøkanten ute i Skorgeura ligg det ein stein som vert kalla Skyttaren. I min barndom var
denne steinen ein spennande leikeplass, der han låg i fjøra nedom skulen. No går E39 like oppom og tilkomst vegen til ein lagringsplass stryk så vidt forbi.
Det var knytt mange spennand historier til denne steinen, som har ein liten hellar under seg, der det under krigen var mellomlagra våpen av heimefronten. Og som det gjekk segner om var brukt til boplass. Også Huldra budde der, vart det fortalt oss borna.
Under steinen er der ein hellar.
Under steinen er det ein mjukare steinsort som vatnet har hola ut gjennom tidene.
Så ligg steinen der vekkgløymd, med si spennande og mystiske historie. Den har vorte spart for dynamittens kraft, men er ikkje lenger ein leikeplass for eventyrlystne born.
tirsdag 22. mars 2011
Ruskever
I går og i dag har det vore regn og vind, ja eit skikkeleg ruskever. I går hylja regnet ned så elvar og vegar
flømde over. Fleire stader har det gått ras som har sperra vegar, og gjort skade. I dag var eg ned til sjøen og såg etter om alt stod bra til med naustet. Floa var høg. over det normale, men det var ikkje gjort skade på nausta. Floa var nok på nadadgåande då eg var der.
Utsikt over fjorden mellom regnbyene.
fredag 18. mars 2011
Skogstur.
Snøen ligg endå på markane, men den er ikkje djup og oppjennom lia er det store bare flekkar. I går tok eg meg ein tur til Nausen, etter fotefara i snøen å døme, var eg ikkje den første som har teke den turen.
Mellom granen oppe på Nernausen var marka bar, og mosen var grøn.
Ein liten avstikkar frå råsa gav meg fin utsikt over fjorden og mot bygdebyen. Lenger oppe ved dei gamle fjøsmurane hadde nokon hengt opp ei panne til å grille i.
Det såg ut som fleire hadde kosa seg der og grilla. Høgare oppe i fjellsida ligg snøen endå så djup at det er vanskeleg å gå utan ski, så eg vende ned att der. Men eg fekk meg ein fin trimtur.
onsdag 16. mars 2011
Vårteikn
I går og i dag har sola varma opp både ute og i sinnet, og snøen minkar og bare flekkar av marka
kjem til syne. Det er rart å sjå korleis det spirer så snart den bare marka kjem fram og
sola får varme opp. I naboens hage er marka alt grøn og snøklokkene
har kome i knopp og mange står i full blomst.
Også epletreet vårt har så smått byrja å få knoppar. Etter snart 5 månader med
snø og vinter, er det godt å sjå at naturen vaknar til liv att.
Det er med meg som det er med Lerka i Sivle sitt dikt.
Å vesle lerka ho hev det so
at finn ho ein tuvetopp fri for snjo,
so kved ho i med sin finaste song,
so trur ho på våren med ein einaste gong.
Åhei åhi å tiriliti.
mandag 7. mars 2011
Ei grå morgon.
Då eg vakna i dag høyrde eg at det spruta frå bilane som køyrde forbi, og det surkla og rann i takrenna. Det var tydleg at den fine nysnøen som kom natt til søndag no vart til surpe og vatn. Når eg seinare såg ut låg skodda i fjella og det regna. Etter morgonkaffien var eg og henta avisa og då måtte eg passe meg for ikkje å verte våt av sprut frå bilane som hasta forbi.
Men dei grøne plantene i naboens hage gir ei von om våren som snart er her. I dag er det måndag og me skal treffe pensjonistvener på kafe og det vert eit lyspunkt i ein litt grå og våt dag.
Abonner på:
Innlegg (Atom)