mandag 27. september 2010

Ein fin haustdag

Laurdag den 25. sept. var det endeleg slutt på regn og skodde og dagen stod fram med klar og
fin sol frå skyfri himmmel. Kona og eg køyrde fram i Romedalen, ein sidedal til Follestaddalen, og gjekk framover setrevegen. Dalen hadde tidlegare fleire setre støylar, men no er der berre to att, Kubbestøylen, som ligg heim i dalen, og Steinestøylen som er i fremste enden av dalenn. Der er laga ein god veg heilt til Steinestøylen. Dalen er brukt til beite både for storfe og sau, og der var fleire bønder som var og såg etter sauer som endå stod oppe i fjelsidene. Dalbotnen er flat og fin og har gode beite for storfe, men dalen er ommkransa av høge ville fjell som sauene ofte går seg faste i.

Den mektige og poppolere Kolåstinden, 1432 m.o.h. kneiser over dalen. Det er ein av dei mest besøkte fjella på desse kantar, men ruta til toppen går ikkje frå denne sida av fjellet.


Lenger fram i dalen ligg Romedalstinden, 1295, den har fått litt nysnø i toppen. Den er også eit ettertrakta turmål for dei som likar ei meir spennande utfordring.

Lengst fram i dalen ser me det spisse Hallehornet , og Middagshornet, 1091 meter høgt.



Den andre sida av dalen har også fleire høge fjell som er over 1000 meter, her ser me fremste Høgehornet som er 1040 meter høgt. Romedalen er ein mykje brukt turdal, og me hadde ein fin tur denne dagen.

tirsdag 21. september 2010

Minner frå ungdommen

Far min med slåmaskinen


Eg sat og ordna i gamle bilder ein dag, og då kom eg over nokre bilder frå slåtteonna i min ungdom. Eg vaks opp på eit lite gardsbruk som var brattlent og nokså tungdrive. Der var ikkje traktor, eller moderne motoriserte redskaper på garden, og einaste trekkrafta var hesten og handemakt. Far min hadde tidleg kjøpt seg slåmaskin som hesten drog. Det var ein svert god reidskap, men den var tung å drage for hesten.

Då graset var slege, var det å settje opp hesjer. Me strekte på ein og ein streng og la graset på med høygaffel. Det vart strekt 5 strengar å kvar hesje, og var graset vått var dette ein tung jobb, som ofte vart gjort i regnver. For at hesjene skulle stå, vart det sett opp skorer, eller støtter, på kvar 4. eller 5. staur, og dei var forankra i endane med 2 nabbar, eller pålar som var slegne godt ned i jorda.

Når høyet var turt i hesjene vart det teke ut og lest i høyvognen. Desse vognene, eller kjerrene som me seier, hadde høge karmar så dei tok mykje høy med seg i lasset. Det vart trakka godt ihop for å få mykje i.

 
Det var ikkje så lett for hesten å drage dei tunge høykjerrene i det bratte terenget, med fjordingen er ein sterk og god arbeidshest som gredde det meste.


Også det å køyre dei fulleste vognene i det bratte terenget, var eit arbeid som trong god kunskap og rolig framferd. Det er stor skilnad på då og som det er no, med rundballar, og store traktorar i arbeid. Men på desse små og brattlente markane kunne ikkje dagens maskiner arbeide. Slåtta den gongen var nok tung og tungvint, og dei bøndene som hadde dette som sitt levebrød, sleit ofte med tunge tak. Men me som ser tibake på den tida no, har mange fine minner, og har ofte gløymt det som ikkje var så kjekt å vere med på.

fredag 17. september 2010

På busstur med krykjelyden



Nordangsdalen
Torsdag den 2. september vart kona og eg med på ein busstur som kyrkja skipa til. Etter fleire dagar med regnver og skodde i fjella, kom denne dagen med klart ver og sol. Turen gjekk frå Ørsta sentrum tidleg om morgonen, og me kørde til Sæbø, Øye, og opp den tronge og ville Nordangsdalen og til Hellesylt. Vidare gjekk ferda med ferge inn den vakre Geirangerfjorden, som låg speilblank i formiddagssola.


                                                             Matvika.

Garden Matvik,som no er fråflytta, er det fyrste me ser i Geirangerfjorden. Det vart fotalt at her vart det dyrka appelsiner avdi den ligg så lunt og varmt til i solveggen.


Lenger inne i fjorden skulle fossen, Dei sju søstre, renne utfor fjellsida, men det var lite vatn i elvane på denne tida av sommaren. Men garden Skageflå ligg der høgt oppe i fjellsida. Den vart godt kjent då Kongen og Dronninga vitja den, med stort kongeleg fylgje.

 
Skageflå

 I Geiranger stoppa me ved Kyrkja, som ligg på eit platå oppfor sentrum. Der var me innom og me hadde ei song og andaktstund der.


Den vesle åttekanta kyrkja.

Det er ei fin kyrkje også inne.

Utsikt frå kyrkjebakken .
 Turen vår gjekk vidare opp dalen mot fjellet. Det er ein bratt og svingete veg, som er i seg sjølv eit innponerande byggverk. Me stoppa ved det flotte utsiktspunkte Flydalsjuvet. Der er no ein romsleg parkering og utsiktsplass.
Flydalsjuvet med utskt mot Geirangerr

Me forsette opp mot Djupvasshytta, der me tok vegen opp til Dalsnibba, som er ein fjelltopp på vel 1470 metre over havet. Derifrå var det ein innponerande utsikt i det klare veret.


Langt der nede ligg fjorden. Ein ser vegen slynge seg oppover dalen.

noker av deltakarane nyt utsikta.

Turen gjekk så vidare til Grotli, der me stoppa ved hotellet og fekk oss middag.

Derifrå gjekk turen over fjellet til Stryn og heim.

torsdag 9. september 2010

Den gavmilde prisessen.

Det er fortalt at i juli år 1515 reiste prinsessen av Nederland med eit fylgje på 15 skip frå Nederland til Danmark. Ho skulle til København der ho skulle gifte seg med Christian II, konge av Danmark fra 1513 - 23. Prinsessa var då 14 år gamal. Med på reisa var presten Erik Valkendrof (1450-1522), erkebiskop i Nidaros. Det vart eit forrykande uver, og vel framme i København var prinsessa både sjuk og sliten, og ho yngste å gi ei gåve til kyrkja som takk for at dei berga seg igjennom stormen. Gåva var 5 altarskap, og det var vel erkebiskopen som var med på reisa som fekk dei plasert i kyrkjer langs Norskekysten. Altarskapa vert kalla Leka gruppa, og vart plaserte i kyrkjene i Leka, Røst, Grip, Hadsel. Om det siste skapet står det i summe skrifter at det er i Kinn og andre seier Ørsta.



Altarskapet i Røst kyrkje



Grip kyrkje


Leka kyrkje

Hadsel kyrkje

Ørsta kyrkje

lørdag 4. september 2010

Hadsel kyrkje

Det er ei kyrkje til i Vesterålen eg vil skrive om, det er Hadsel kyrkje. Det var i 2005 at me på veg til Melbu stoppa ved denne kyrkja som var open for veifarande, og me fekk endåtil omvisning av ein ung mann der. Kyrkja ligg omkransa av høge tre, og den er åttekanta.

Det som står skreve om denne kyrkja at den vart bygd i 1824, men mykje av det fine og detaljrike interiøre er endå gamlare, og er flytta frå andre kyrkjer. Ein veit at her på denne plassen har det stått kyrkjer frå 1382 og kanskje endå tidlegare.


Altarskapet i kyrkja skal vere frå 1520 og er laga i Nederland. Det høyrer til den såkalla Lekagruppen på 5 altarskap som det er knytta ei spesiel fortelling til.

I midten står Maria med Jesusbarnet på arma. Til venstre står Stefanus, som var den første martyr. Den tredje er St. Katarina, som også er ein kristen martyr.

Utsikt frå kyrkjebakken