fredag 7. september 2012

Regnver


Denne veka har veret skifta mellom sterk vind og regn. Dei første dagane i veka lovde vermeldarane at det skulle verte storm. Hedigvis tok ikkje den så hart her, men fruktrea som er tunge av frukt fekk prøve seg. Sidan har det regna, og det har til tider vore kraftige byer.


Men så gløtte sola fram nokre korte stunder, begge desse bileta er tekne i dag med berre kort mellomrom. Solgløtta gir von om betre dagar.

 
Plomene har det ikkje godt i regnet, men dei modnast og smakar virkele godt.
 
 
Skaugum knollane tåler mykje regn, og står endå fulle av blomar, men vinden har fare hart med dei.
 Pottentillaen og mispelen tåler godt regnet.
 
 

Ingen kommentarer: