Grenda Gåsland som huset ligg i, var ein gong ei aktiv lita bygd, med monge innbyggarar, no er det monge hus som står tome det meste av året. Berre om sommerane er det liv i husa.
Morgontrimmen gjekk oftast til Jørnfjoden, ein sidefjord av Eidsfjorden. Dette bilete er teke mest inne ved fjordbotnen. Fjella lengst ute er Hadseløya.
Når Lillian er med, så vert det fjellturar. Her står ho på toppen av Lynghaugtind. Fjella i Bø er ikkje så høge, denne tinden er 504 m o h. men utsikta er flott, Her ser me mot Søberg og Skårvågen, me gjekk opp frå Fjærvoll.
Me var for seine til å få sjå midnattsol, men der var mange fine kveldar med dveldsol, denne utsikta var rett bak huset.
Frå Utskår
Dette bilete tok Lillian på veien mot Hvden, rett før Sandvika.
Og her i Hovden.
Det var ikkje berre sol og klar himmel, me hadde nokre dagar som skodda låg tjukk om morgonen og utover føremiddagen.
Eg vil avslutte turen med denne idyllen, som ein ser på vegen mot Klaksjord. På dette vatnet, som gror meir og meir att med siv, er det ofte svaner som beitar i sivet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar