lørdag 6. oktober 2012

Tur i haustskogen

No er det lenge sidan eg var inn på bloggen min med nye innlegg. Kanskje har den våte hausten lagt ein dempar på skrivelysten. Men i går,den 5. okt. var ein fin dag, og då eg om ettermiddagen gjekk meg ein tur utover vegen, la eg turen opp i Skorgeura. Eg fylgde råsa opp til Kyrkjesteinen. Det var fine haustfargar i både skogbotnen og i trea.


Og mot den klare himmelen, var det fint å sjå på alle fine fargane. Det er lenge sidan eg har vore opp på Kyrkjsteinen, og i dag måtte eg berre klatre opp den fine stigen som er festa til steinen, og kome meg opp.

 Der oppe var utsikta fin utover den haustgule skogen med fjorden og fjella i bakgrunnen.

Bak meg låg skogen mot skorgedalen i haust fargar.
 
Oppe på steinen står to furuer, den eine er etterkart vorte ganske stor, men også andre tre gror der på toppen av den store steinen. Det er rart at dei finn nering til å vokse der, så monge meter over bakken. Og mens trea andre stader måtte gi tapt for orkanen i vinter, stod desse imot.

 

Ingen kommentarer: