lørdag 10. desember 2011

Adventstid.

Ja no er det ei god stund sidan eg har skreve i bloggen, og det har allerie vorte langt ut i advent. I morgon skal me tende det tredje lyset i adventstaken, og me skal i Kyrkja på konserten der me syng dei gode julesongane på nytt.


Snøen kom natt til måndag, våt og tung, men sidan har den fått lege som eit kvitt teppe og gjordt det lysare i mørketida. Det er ikkje så mykje snø her med oss, ca. 10 cm. på markane og det har vore ei fin veke med fin temperatur.


Sola er lav no, i dag klokka 1410 titta ho såvitt fram, men nokre skyer kom og skjulte den ganske fort. Men om 11- 12 dagar så går det mot lysare tider att.

Til slutt tar eg med eit bilete av Oktoberblomsten min, som eg no har måtta flytta inn i kjellaren for å verne den mot frosten. Den har no stått like fin i to månader og den er ein fryd for auga. Så vil eg ynskje alle ei god adventstid.



Ingen kommentarer: