Etter ein fin julaftan med Gudsteneste og julekveld med god julemat, og me var så heldige å ha Lillian også Steinar og Kristin med sine born på besøk. Me var så mange at me fekk til ring rundt jultreet og me song julesongar, og las den gamle Julebodskapen i lag. Meldingane om orkanen Dagmar som skulle kome utover kvelden 1. juledag låg nok som ei spent uro i sinnet. Me var i kaffi selskap med Steinar om ettermiddagen 1. juledag og om kvelden i skyminga auka vinden på. Etterkvart vart vinbrølet faretruande stert og det riste i huset og takplater klirra. Då me skulle gå heim i 23 tida, såg me att løa hos naboen måtte ha gitt tapt for vindpresset og eit stort tuntre låg velt over den.
Skogen har fått hard mefart, og mange tre er rotvelte eller knekte. Naboen si fine store selje låg rotvelt.( første bilde)
Eit rotvelt plometre kan brukast til å klatre i.
Ja no er det over for denne gong, og me set att med ein for mange ein dramatisk opplevelse. Heldigvis vart ikkje noko bolighus rasert her med oss, det gjekk hardast utover naust og uthus denne gongen. Straumen fekk me att her 2. juledag om ettermiddagen, ander måtte vente lenger. Dei som jobbar med linjene har hatt ein strid tørn. Så får me håpe det vert ei stund til neste gong.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar