November har i år vore ein fin måne med mykje fint ver. Me har hatt mange fine dagar med klar himmel og temperaturer rundt 0 grader. Og her som eg bur har sola lyst opp og gitt sine varme strålar både på kropp og i sinn.
Desse to bileta tok eg på torsdagen, eg hadde meg ein tur utetter vegen om ettermiddagen. Sola sende sine siste strålar over Hovdeåsen i 15 tida, og me kunne såvitt sjå at skyer var på veg i vest. Fredag vakna me til skodde og regn og i dag på laurdag er det same veret.
Skyene ligg langt ned i fjella og skodda ligg som ei grå kappe i fjellsidene. Temperaturen no på føremiddagen er 9 varmegrader og det er regn i lufta. Ja slik er november her på våre kantar, det skiftar fort i veret, og brått kan snøen kome på vitjing også. Småfuglane her leita etter mat på fuglebrettet i fleire dagar no, og har fått sine Solsikkefrø der.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar