søndag 17. juni 2012

I naturens hage langs vegkanten.

Å gå seg tur utover vegen no er som å gå langs eit blomebedd. Alt som veks i vegkanten står no i full blomsterpryd, og det er ein opplevelse å sjå alle fine villblomane som er der.

Eg er desverre ingen god botanikar, og kjenner ikkje namna på alt det fine som står der, men raudkløver og tiriltunge er velkjende for dei fleste.

Ute ved Hagemurane var der Forglem-meg- ei,

Tirilltunge er det mykje av i år, og ute i Uranakken er det ein heil hage av den,
Eit gult teppe.

På ei lita øy i Skorgeslva stå denne bregna,grøn og frodig, og like ved blomstrar Rogna.

Prestekrager, Gyvel og Lupiner i ein fin bukett.
Og utor muren veks det Prestekrager. Dette er eit lite utval av det ein ser, biletealbommen kunne vore langt større.


Ingen kommentarer: