I dag var Gudstenesta lagt til Rjåneset, til den fine plassen bak badestranda. Det er Grendelaget der ute og Kyrkja som kvar sommar lagar til Gudsteneste der. Det var regn om morgonen, men veret letta opp, og det vart fint ein time før møte starta.
Folket samlast og der var to born som skulle verte døypte.
Det var Arne Moltubakk som var prest og Gudstenesta tok til med dåp av dei to borna.
Etter Gudstenesta var det kaffi og kaker, og folk kosa seg i det fine veret.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar