Det er 1. juni i dag, ute veksler veret mellom sol, regn og sluddbyer, og temperaturen er 8 kalde varmegrader. Det var ikkje slik for ei veke sidan, då var veret varmt og fint, og me hadde hatt fleire dagar med sol og varme. Pinseaftan var familien samla i fjøra, der me kosa oss med bål og grilling utover kvelden i fin kveldsol.
Pinsa vart feira i Bjørke kyrkje i eit flott vårver med sol og varme. Bjørke er vakker lita bygd mellom høge fjell, og i sånt eit fint ver er det ein opplevelse å vere der.
Utsikt frå kyrkjebakken
KFUKgruppa her i bygda brukar å avslutte vårsemesteret med ein tur, og då får me mannfolka vere med, og i år var den på 2.pinsedag og turen gikk til familiehytta til eit av medlemane i gruppa.
Veret hadde forandra seg om natta, slik det ofte gjer på desse kantar av landet. Det var ein kald trekk og ikkje heildt trykt for regndråpar i lufta. Me mannfolka flokka oss rundt om utepeisen for å halde varmen. Men det vart ein koseleg dag i godt selskap
På onsdagen denne veka kom eg meg ein tur opp til Klimarsætra, som er eit trimmål oppe i fjellsida oppom husa her. Det var første turen min der opp i år, og det er ein tung tur for ein som ikkje er i så god form endå.