lørdag 31. desember 2011

Stille etter stormen.


Så har veret roa seg og litt snø over markane er med til å lyse opp. Gjekk ein tur i fjøra i går og såg på skadane som uveret hadde gjort. Mange naustdører hadde måtte gi tapt for høg flo og store bårer. Andre naust var meir raserte.


Så kom sola fram og la sit lys som eit plaster på skadene og eit tegn på at me går mot lysare tider.


I dag er siste dagen i 2011, og i kveld går rakettane i lufta att. Eg vil ynske alle eit godt Nytt År og takke for mange fine minner frå dette året som no går ut.



torsdag 29. desember 2011

Dagmar på besøk.

Etter ein fin julaftan med Gudsteneste og julekveld med god julemat, og me var så heldige å ha Lillian også Steinar og Kristin med sine born på besøk. Me var så mange at me fekk til ring rundt jultreet og me song julesongar, og las den gamle Julebodskapen i lag. Meldingane om orkanen Dagmar som skulle kome utover kvelden 1. juledag låg nok som ei spent uro i sinnet. Me var i kaffi selskap med Steinar om ettermiddagen 1. juledag og om kvelden i skyminga auka vinden på. Etterkvart vart vinbrølet faretruande stert og det riste i huset og takplater klirra. Då me skulle gå heim i 23 tida, såg me att løa hos naboen måtte ha gitt tapt for vindpresset  og eit stort tuntre låg velt over den.


Skogen har fått hard mefart, og mange tre er rotvelte eller knekte. Naboen si fine store selje låg rotvelt.( første bilde)






Eit rotvelt plometre kan brukast til å klatre i.
Ja no er det over for denne gong, og me set att med ein for mange ein dramatisk opplevelse. Heldigvis vart ikkje noko bolighus rasert her med oss, det gjekk hardast utover naust og uthus denne gongen. Straumen fekk me att her 2. juledag om ettermiddagen, ander måtte vente lenger. Dei som jobbar med linjene har hatt ein strid tørn. Så får me håpe det vert ei stund til neste gong.

tirsdag 20. desember 2011

Ein fin 20. desember.

Det kom litt snø i helga, men i går var det mildver og regn. Så vakna me i dag til klar himmel og ein liten måne skein på himmelen. Det var 2 kuldegrader og fint vinterver, men desverre lovar vermeldinga at det vert berre i dag og så kjem mildveret og regnet att. I morgon snur sola,som me seier, så eg måtte oppom huset og take nokre bilete av sollyset på denne fine dagen.

I dag har eg vore og kjøpt juletre, og eg har rista golvteppa i nysnøen, etter gamal skikk. I går baka Jorun fire sortar julekaker, så no kan jula kome.


Midt i hårdest vinter skjedde det en gang,
som i jern lå jorden under vindens sang.
Sneen la eit teppe over iskald jord.
Midt i hårdest vinter,
 ble Maria mor.

Så vil eg ynskje alle ei god jul, og la fortellinga om barnet som Maria fødde få lyse opp i våre hjerte og sinn.

lørdag 10. desember 2011

Adventstid.

Ja no er det ei god stund sidan eg har skreve i bloggen, og det har allerie vorte langt ut i advent. I morgon skal me tende det tredje lyset i adventstaken, og me skal i Kyrkja på konserten der me syng dei gode julesongane på nytt.


Snøen kom natt til måndag, våt og tung, men sidan har den fått lege som eit kvitt teppe og gjordt det lysare i mørketida. Det er ikkje så mykje snø her med oss, ca. 10 cm. på markane og det har vore ei fin veke med fin temperatur.


Sola er lav no, i dag klokka 1410 titta ho såvitt fram, men nokre skyer kom og skjulte den ganske fort. Men om 11- 12 dagar så går det mot lysare tider att.

Til slutt tar eg med eit bilete av Oktoberblomsten min, som eg no har måtta flytta inn i kjellaren for å verne den mot frosten. Den har no stått like fin i to månader og den er ein fryd for auga. Så vil eg ynskje alle ei god adventstid.