Veret er eit nokså sikkert samtaleemne, og her ein kveld sat vi og samtala om dette emne. Me hadde besøk og over ein kopp kaffi gjekk praten. I fjor kom snøen tidleg, den kom 20 oktober og så vart han liggande, vart det sagt. Ja me var alle samde om det. Så i dag tok eg fram dagboka for 2010 og bladde meg fram til oktober. Det stemde det, eg hadd skreve at den 20. var det kvitt på marka og temperaturen var 0 grader. Og om kvelden den 21. var det kome over 20 cm. med snø.
Men så var det det om snøen vart liggande resten av året, sån som me var einige om. Om den 27. okt. hadde eg skreve at det var 12 varmegrader og sørvest og regnbyer. Så då for vel snøen,for mildveret heldt seg til 6. nov. Då gjekk regnveret over til sludd. Og dagen etter var det atter kvitt på marka, og det vart nokre dagar med kaldt ver, heilt ned i 8 grader den 10. nov. Og då låg snøen resten av året. Den 29. nov. skreiv eg at der hadde vore 2 veker med kaldt og fint ver, og endå varte fineveret til 4. des. Så stemde kanskje ikkje minne heilt, men snøen kom tidleg og vinteren vart lang og kald, og for det vert han hugsa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar