Denne veka vart det to fine dagar, torsdagen og fredag var svert fine. Eg var ute i hagen og kosa meg med å gjere den vinterklar. Torsdag tok eg inn altankassene med Skaugumbegonear. Det var nesten litt trist å hive alle dei fine blomane på dungen, men knollane må i hus før dei frys. Knollane har vakse seg store i sommar, det er vel alt regnet som har gjort det.
Det er eit heldt arbeid å få dei reine for våt og seig mold. Fredagen var det ein svert fin morgon og soloppgong, og då eg henta posten i 08 tida tok eg desse bileta.
Så var det å klippe ned det me kallar spirea. Denne gamle planten som veks seg over meteren høg og har kvite blomespirar i toppen på førsommaren. Den visnar ned om vinteren, og eg plar klippe den før frosten kjem og eg mel stengelane opp med kompostkverna. Det vert god gjødsel av det.
Så får ein glede seg over dei få fine dagane ein får denne hausten, og håpe på at søen og kulda let vente på seg.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar