tirsdag 18. oktober 2011

Glimt frå Vesterålen


Mjåsundet.

Tek ein av frå riksvegen på Skålbrekka og køyrer over Veggemo mot Vea paserer ein Mjåsundet. Det er der Langvatnet er på det smalaste og fylkesvegen er lagt i fylling over vatnet. Når ein er på denne fyllinga, som er berre 30 -40 meter lang, så opnar det seg mot nord ei utsikt som det er teke mange bilete av. Ei naturperle både på dagtid og om natta når midnatsola kjem fram.

Husa me ser til høgre hører til garden Langmoa, og til venstre ser me såvitt siloen på ein av gardane på Nygjord.

kvldsstemning


Midnattsola dukkar fram.

Ser ein den andre vegen, så forset vatnet vidare mot Vea. Her ligg vatnet og naturen i lyset av midnattsola.

lørdag 15. oktober 2011

Haustdagar

Denne veka vart det to fine dagar, torsdagen og fredag var svert fine. Eg var ute i hagen og kosa meg med å gjere den vinterklar. Torsdag tok eg inn altankassene med Skaugumbegonear. Det var nesten litt trist å hive alle dei fine blomane på dungen, men knollane må i hus før dei frys. Knollane har vakse seg store i sommar, det er vel alt regnet som har gjort det.
Det er eit heldt arbeid å få dei reine for våt og seig mold. Fredagen var det ein svert fin morgon og soloppgong, og då eg henta posten i 08 tida tok eg desse bileta.


Så var det å klippe ned det me kallar spirea. Denne gamle planten som veks seg over meteren høg og har kvite blomespirar i toppen på førsommaren. Den visnar ned om vinteren, og eg plar klippe den før frosten kjem og eg mel stengelane opp med kompostkverna. Det vert god gjødsel av det.

Så får ein glede seg over dei få fine dagane ein får denne hausten, og håpe på at søen og kulda let vente på seg.

onsdag 12. oktober 2011

Manns minne

Veret er eit nokså sikkert samtaleemne, og her ein kveld sat vi og samtala om dette emne. Me hadde besøk og over ein kopp kaffi gjekk praten. I fjor kom snøen tidleg, den kom 20 oktober og så vart han liggande, vart det sagt. Ja me var alle samde om det. Så i dag tok eg fram dagboka for 2010 og bladde meg fram til oktober. Det stemde det, eg hadd skreve at den 20. var det kvitt på marka og temperaturen var 0 grader. Og om kvelden den 21. var det kome over 20 cm. med snø.

Men så var det det om snøen vart liggande resten av året, sån som me var einige om. Om den 27. okt. hadde eg skreve at det var 12 varmegrader og sørvest og regnbyer. Så då for vel snøen,for mildveret heldt seg til 6. nov. Då gjekk regnveret over til sludd. Og dagen etter var det atter kvitt på marka, og det vart nokre dagar med kaldt ver, heilt ned i 8 grader den 10. nov. Og då låg snøen resten av året. Den 29. nov. skreiv eg at der hadde vore 2 veker med kaldt og fint ver, og endå varte fineveret til 4. des. Så stemde kanskje ikkje minne heilt, men snøen kom tidleg og vinteren vart lang og kald, og for det vert han hugsa.

lørdag 8. oktober 2011

Endeleg ein soldag.


Etter fleire dagar, ja veker med regn, og dei siste dagane har me mest drukna i regn. Så vakna me i dag til klarver og etterkvart kom sola fram. Men før nedbøren gav seg så kvita han fjella langt ned . Men det er eit fint fargespel med hustfargar i skogen og kvite fjelltoppar i klart haustlys.
Då eg var og henta posten, måtte eg take med fotoapperatet og take nokre bilete.

Også Helgehornet hadde fått seg ei kvit kappe på toppen.

Sauene i nabogarden gjekk fredeleg og beita.

Til slutt tek eg med eit bilete av hekken som står så fin no.