tirsdag 19. juli 2011

Helgehornet

Måndag 18 juli var det sol og fint ver. Om ettermiddagen vart eg med på ein tur til Helgehornet. Fjellet som ligg på sørsida av Ørstafjorden, er ikkje så høgt, og er derfor eit mykje nytta turmål. Turen frå parkeringsplassen i Solidalen og til toppen går på omlag ein time, når ein har med seg born.
Frå toppen er det ei fin utsikt til alle kantar.Her ser ein Lianeset og Liadalsbygda med fjellet Nipa med sin spisse topp, lengst til høgre .

Ser ein meir sørvestover så kan ein sjå heilt til Stadt.


Rett over fjorden ligg min heimedal, Skorgedalen.


Fjellet er eit grensefjell mellom Ørsta og Volda, og har ein fin utsikt mot begge kommunesentra. Her ser ein Ørsta, med dalane og sunnmørsalpane i bakgrunnen.


Og her mot Volda, med Egset i forkant og ein ser litt av Volda sentrum lenger bak.



Ingen kommentarer: