mandag 25. juli 2011

Ei fin plante

Det er summe personar som det vert sagt om at dei har grøne fingrar.
Og dei får det til å blomstre i hagar og potter så det er ein fryd å sjå. For oss som ikkje har fått slike gåver og evner er det best å satse på det ein får til og halde seg til det trygge.


Eg har vorte glad i Skaugum begona, den får eg som regel til og den er ei trufast plante.
Eg brukar å seie at berre den får nok vatn og nering, så gir den fine raude blomar tilbake. Det er ei plante som trivest her som det regnar så ofte, den tåler regn og også vinden står den imot.


Så her hos oss står den i krukker og kasser og i bedd. Kvar haust må eg take den inn og oppbevare løkane frostfritt. Så kan eg take det fram att om våren, og den spirer på nytt.
Den er for meg ei kjær plante.

Ingen kommentarer: