Torsdag i veka før Pinsehelga starta me på tur nordover, og målet vårt var Bø i Vestrålen der Jorun sin barndomsheim og vår ferieplass ventar. Etter ei overnatting ca. ei mil sør for gransa til Nordland, i Namnskogan kommune, for turen vidare nordover. På Saltfjellet stoppa me ved Polarsirkelen, og der var det endå snø som låg. Det varme veret gjorde att snøsmeltninga var stor og elva ned Saltdalen var like før den gjekk over sine bredder.
Me la turen utom Bodø for å vitje slekt der, og då veret var fint og varmt, så fekk me fine kveldsturar i sol.
Me var og ein tur til friområde Mjelde utfor byen.
Pinsedag var me til Gudsteneste i den gamle Bodin kyrkje. Det er ei steinkyrkje, og er ikkje så stor.
Andre pinsedagen starta me turen vidare nordover til Bø og Gåsland, som var vårt mål.
Så var me framme, og feriehuset stod der og venta på oss. Sidan me var dei første i familien til Jorun som kom dit i sommar, så stod graset høgt og det var berre å starte opp med slåtten.
Utsikt frå huset. Fjella me ser lengst borte er på øya Hadsel og lengst ute til høgre ser me Lofoten.
Der er mange små vatn og fine idyllar i nærområde, og det opne lanskapet gir ein ny opplevelse for ein sunnmøring.
Den siste dagen var me med på ein tur til Gaukværøy, som ligg utfor Steine.
Me for i ein liten open båt, som gjorde god fart. Så turen til øya tok ein liten halvtime.
Øya er no fråflytta, men fram til 50talet budde her folk og det var skule på øya som hadde opplit 30 elevar på det meste. Når folket flytta tok dei med seg husa, så no står berre murane att på boplassane.
Vegen langs stranda var berre ein dårleg sti. Den hadde vore ein køyreveg ein gong, men no var den redusert til ein sti mange stader. Det var intresant å besøke øya, å sjå korleis folk har bodd før, då det var fiske med små båtar som var levevegen.
Dagen etter starta me på heimturen, og det vart to dagar i bil.