tirsdag 7. juni 2011

Tur til Bjørkedalen


I eit dalføre mellom Voldafjorden og Nordfjord ligg bygda Bjørkedal. Bygda ligg ved det idylliske Bjørkedalsvatnet, og er omkransa av høge fjell. Bygda Bjørkedal er vide kjent for sine båtbyggartradisjonar gjennom mange hundre år. Og sjølv om det er mange kilometer til fjorden, og båtane måtte fraktast til fjorden med hest og handkraft, vart det bygt store båtar her.

Om kvelden den 6. juni var Volda og Ørsta Y`s Men`s Club på tur hitt og vitja båtbyggar og lokalhistorikar Jakob Helseth. Han tok oss med på båttur med ein av sine vikingskipmodellar, Vatnet låg speilblangt og fjella spegla seg i vatnet. Då det hadde regna denne dagen, låg det skodde i fjella og disen som låg over vatnet gav ein trolsk stemning.
Helseth fortalde at det i tidlegare tider var opptil 25 båtbyggeri rundt vatnet, og det var ikkje lov å bruke den fine furuskogen til anna enn båtbygging. No er det berre tre plassar att som det vert bygt båtar i bygda og det er mest robåtar som vert bygde.
Dei mest kjende båtane som er bygde her i nyare tid, er vikingskip kopiane til Ragnar Torseth. Han fek bygt to båtar her, og dei var han både til Island og Amerika med. Det var svert inntresant å høyre Jakob Helset fortelje frå bygda si historie.


 

fredag 3. juni 2011

Tur til Bjørke

Helgetorsdag vart me med Rolf og Lise til Bjørke, Rolf skulle ha Gudsteneste der. Veret var grått og vått då me starta i nitida om morgone, men det betra seg utover dagen. Kyrkja på Bjørke er ikkje stor, men den er ei fin kyrkje med lune og varme fargar.




Etter Gudstenesta var det kyrkjekaffi på Bedehuset, som ligg ikkje så langt frå kyrkja.


Kyrkjekaffien var også sommaravsluttning for misjonsforeiningane i bygda,så matbordet var dekka med gode kaker. Me vart godt mottekne og det var ei koseleg samling saman med bygdefolket der.


Bjørke ligg innerst i Hjørungfjorden og er ikkje så stor ei bygd angåande folketal no. Dei har mist skule og butikk siste åra, men dei som bur i bygda og omliggande grender, står på og der er eit  godt samhald i bygda, og der er eit rikt kulturliv. Me såg oss rundt og var både til Leira, Viddal og Finnes før me sette vegen heim i tretida om ettermiddagen.