Laurdag den 26. juni ville fam. Steinar ha meg med på tur til Kyrkjsteinen, Kyrkjesteinen er ei svert stor steinblokk som ligg eit stykke oppe i Skorgeura. Det er nokre år sidan eg var der no, så det ville eg vere med på. Råsa opp til steinen er som ein tunell av skog, men den ber preg av å være mykje brukt. Dei siste åra har steinen vore brukt som øvingsfelt for unge klatrarar, den har rette, steile sider og er defor godt egna til det.
Då me nerma oss kom steinen til syne gjennom skogen .
Steinen har steile rette sider.
Det er skruva fast ein ny solid aluminiumstige til steinen, så det er derfor lett å kome seg opp på toppen.
På toppen av steinen står det ei gamal fure. Den har stått der åleine, men no ser det ut som den har fått selskap av både fleire furuar og osp og bjørk.

Det er fin utsikt frå toppen av steinen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar