
I dag var veret så fint at eg fekk lyst på ein fjelltur, og turen gjekk til Skorgedalen. Stien opp frå parkeringsplassen ved brua og til Leitet er alltid tung, men det er fint og trolsk opp igjennom Skorgeura, I heimdalen var skogbotnen dekt av Kvitveis, der var som eit kvitt teppe mellom trea.

Lengere framme i dalen, på Blomstadrabben, har det vokse opp tett med bjørkeskog. Trea stod der så vårgrøne på begge sider av stien.
Lenger framme låg Skorgesætra med Akslahornet majestetisk i bakgrunnen.
Eg forsette turen min vidare fram forbi sætra og til Stillevadet. Der framme var det enno ikkje grønt, og lyngen og graset var i tidleg vårstemning, berre høgre oppe i fjellsidene har grønfargen byrja kome fram.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar