søndag 27. juni 2010

Tur til Kyrkjesteinen

Laurdag den 26. juni ville fam. Steinar ha meg med på tur til Kyrkjsteinen, Kyrkjesteinen er ei svert stor steinblokk som ligg eit stykke oppe i Skorgeura. Det er nokre år sidan eg var der no, så det ville eg vere med på. Råsa opp til steinen er som ein tunell av skog, men den ber preg av å være mykje brukt. Dei siste åra har steinen vore brukt som øvingsfelt for unge klatrarar, den har rette, steile sider og er defor godt egna til det.
                                     
 Då me nerma oss kom steinen til syne gjennom skogen        .
Steinen har steile rette sider.
Det er skruva fast ein ny solid aluminiumstige til steinen, så det er derfor lett å kome seg opp på toppen.
På toppen av steinen står det ei gamal fure. Den har stått der åleine, men no ser det ut som den har fått selskap av både fleire furuar og osp og bjørk. 


                                                       Heile familien samla på toppen av steinen




Det er fin utsikt frå toppen av steinen.




torsdag 10. juni 2010

Skorgedalen



I dag var veret så fint at eg fekk lyst på ein fjelltur, og turen gjekk til Skorgedalen. Stien opp frå parkeringsplassen ved brua og til Leitet er alltid tung, men det er fint og trolsk opp igjennom Skorgeura, I heimdalen var skogbotnen dekt av Kvitveis, der var som eit kvitt teppe mellom trea.





Lengere framme i dalen, på Blomstadrabben, har det vokse opp tett med bjørkeskog. Trea stod der så vårgrøne på begge sider av stien.
Lenger framme låg Skorgesætra med Akslahornet majestetisk i bakgrunnen.
Eg forsette turen min vidare fram forbi sætra og til Stillevadet. Der framme var det enno ikkje grønt, og lyngen og graset var i tidleg vårstemning, berre høgre oppe i fjellsidene har grønfargen byrja kome fram.