
Denne dagen vart den første fine vårdagen i år og eg slo plenen for Engkarsen stod klar for å blomstre. Så melde lysta seg for ein tur i skogen, og eg leita fram sko og stavar og la i veg. Skogen har såvitt fått grøne blad, serleg bjørka har kome fint siste dagane, men graset er enno lite kome. Berre kvitveisen lyser opp i skogbotnen. Eg har ei fast rute for trimturane mine og den endar oppe i fjelsida ved ei bjørk som snøen har bøygd ned. Det tar vel ein halvtime å kome ditt opp ca. 300 meter over fjorden.

På Nausen paserer eg dei gamle vårfjøsmurane. I tidlegare tider vart kyrne som var på vårbeite i utmarka tekne inn i denne fjøsen om kvelden og mjølka. Dei var i fjøsen til morgonstellet var gjort før dei vart slepte ut att. No står berre murane att og minner om ei tid som var.

Bjørka som er målet for turen, er eit tre som snøen har lagt ned. Den står omlag der som det frå gamalt av vart kalla Klimarsætra

Derfrå er det fin utsikt over Ørsta sentrum og dalen framover mot Kvandalsfjella
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar