tirsdag 18. mai 2010

17. mai

Veret var noko surt med skodde langt ned i fjella og litt regn om morgonen då eg heiste flagget. Det letna litt og slutta å regne då Barnetoget tok til å gå klokka 10, og det var opplett til fram på ettermiddagen. Me var og såg på barnetoget og etterpå var me til Gudsteneste i Kyrkja. Klokka 13 samlast me alle hos Steinar og Kristin til god middag. Me to gamle avslutta feiringa med middagen, mens dei unge for og såg på Folketoget.
Barnas vel barnehage. Sigrid og Steinar
Ådne hadde med seg både mamma og mor-mor
Arne i Ungdomsskuledelen av barnetoget
Stine er rosaruss i Mosmarka barnehage

Ingen kommentarer: