
mandag 24. mai 2010
Pinsehelg
tirsdag 18. mai 2010
17. mai
Barnas vel barnehage. Sigrid og Steinar
Ådne hadde med seg både mamma og mor-mor
Arne i Ungdomsskuledelen av barnetoget
Stine er rosaruss i Mosmarka barnehage
lørdag 15. mai 2010
Trimtur

Denne dagen vart den første fine vårdagen i år og eg slo plenen for Engkarsen stod klar for å blomstre. Så melde lysta seg for ein tur i skogen, og eg leita fram sko og stavar og la i veg. Skogen har såvitt fått grøne blad, serleg bjørka har kome fint siste dagane, men graset er enno lite kome. Berre kvitveisen lyser opp i skogbotnen. Eg har ei fast rute for trimturane mine og den endar oppe i fjelsida ved ei bjørk som snøen har bøygd ned. Det tar vel ein halvtime å kome ditt opp ca. 300 meter over fjorden.

På Nausen paserer eg dei gamle vårfjøsmurane. I tidlegare tider vart kyrne som var på vårbeite i utmarka tekne inn i denne fjøsen om kvelden og mjølka. Dei var i fjøsen til morgonstellet var gjort før dei vart slepte ut att. No står berre murane att og minner om ei tid som var.

Bjørka som er målet for turen, er eit tre som snøen har lagt ned. Den står omlag der som det frå gamalt av vart kalla Klimarsætra

Derfrå er det fin utsikt over Ørsta sentrum og dalen framover mot Kvandalsfjella
onsdag 12. mai 2010
Konfirmasjon

Gratulere Astrid
Helga 8. og 9. mai var me i Førde og var gjester i Astrid sin konfirmasjon. Det var ei fin helg der festen starta på laurdags ettermiddag heime. Gry og Eirik hadde laga til ein fin fest med god mat og godt program. Søndag klokka 12 var me i kyrkja til Konfrmasjons Gudsteneste. Kyrkja var fullset av festkledde gjester og konfirmanter i kvite kapper. Ei høgtidleg og fin Gudsteneste. Astrid sin konfirmasjonsfest vart avslutta med ein god og koseleg middag på Sunnfjord Folkehøgskule. Takk for at me fekk vere med på festen.
Me budde hos Lillian og hadde det godt der.
tirsdag 11. mai 2010
Presentasjon av pensjonisten.
Eg, pensjonisten er ein mann i slutten av sekstiåra, eg er gift og har 5 born Eg er no så heldig og er bestefar til 12 born, der 4 er konfirmert. Eg starta tidleg mitt arbeidssliv i industrien og var på same arbeidsplass til eg vart pensjonist då eg var 63 år. Mine fritidsintresser har vore det kristne barne og ungdomsarbeidet, der eg har vore med som leiar i både klubb og søndagsskule. Som pensjonist er eg med i søndagsskule og eg syng i kor, eg er også med i Y`s Men`s.
No ventar eg på at varmen skal kome så eg får plante i hagen og sette ut blomekassene att.