tirsdag 30. oktober 2012

Vinter i oktober.

Vinteren kom tidleg i år, og  før helga kom det omlag 15 cm. med snø her nede ved husa. I går, måndag 29. var ein fin dag, med sol og 5-6 kuldegrader.

Det er godt å bu på solsida på denne tida av året, sollyset varmar opp, og fargane i naturen vert ekstra fine når sola skin. Trea har endå ikkje mist blada sine, og står i haustskrud mot den kvite snøen.

 
Eg kom meg ein tur opp på Nausen midt på dagen,det var fint å gå.Skaren som er nede på bøane, og gjorde det litt tongt å gå, var ikkje lenger oppe i skogen.

På Nernausen var det mange spor etter hjort mellom trea.
 
 
Det var fint der oppe, lufta var klar og skarp.
 
 


lørdag 13. oktober 2012

Fjelltur.

I går, den 12. okt. vart eg med dei unge i familien på ein tur til Sandhornet. Me starta ifrå Mosmaka og gjkk opp lia til Brekkeheia. Det er ei bratt men grei rås som endar ved hytt til Nils Øye.
 
 
Derifrå gjkk turen vidare opp Brekkeheia, og første stopp og matpause var ved det Geometriske punktet som står på Kråkenakken.
 
 
 
På toppen av Grøthornet og no har me Sandhornet i sikte.
 

Det var tungt for ein utrena, gamal mann å fylgje ungdommen opp den siste stigninga. Der låg litt snå mot toppen, men eg kom då opp.
 
 

Det er tredje gongen eg er på toppen av Sandhornet, ein gong på ski, men det er altid like flott å sjå på utsikta der. Over dalen ser me store majestetiske fjell, der ligg Saudehornet, og Vassdalstinden, og me ser Kolåstinden mot høgre i bilete.
 
Saudehornet mot Nupdalen, og Vassdalstinden. Nermast rett fram ligg Ramrambjørhornet, me gjekk over det på nedturen.
 
 
Me ser også mot Ørsta bygda og fjorden, og langt vidare mot Stadt.
Sandhornet er 909 meret høgt.
Turen heim gjkk om Mossætra og vegen ned att til bygda.

torsdag 11. oktober 2012

Blåtur med Kyrkjekoret


Laurdag 6. okt. hadde Kyrkjekoret blåtur. Me møtte opp på Nekken og berre styret viste kvar turen skulle gå. Me køyrde den nye Kvivsvegen og første stopp var ved Kyrkja i Grodås. Der hadde me ei øvingsøkt. Kyrkja som er bygd på 1850 talet, har innvendig veggar av trekvitt tømmer, også søylene er trekite. Det gir ein lun og fin ro i kyrkja, som ikke er så stor. Også altartavla er i treskurd.


Middagen fekk me på hotellet, der me fekk tildelt ein eigen liten matsal og retten me fekk var Sosakjøt og karamellpudding.Det er vist hotellet sin spesialrett.



Turen vart avslutta i museet etter billedhoggaren Anders Svor. Han vart fødd i Hornindal i 1864, og døydde i Oslo som ein fattig kunstnar i 1929.
 
Det er eit lyst og fint museum, og der er samla mange av Svor sine arbeid, i både bronse og gips.
Utanfor står ei statue av Tordenskjold.
 
Og på trappa er der to små modellar av born.
 



Inne er der mange sklupturar, og det var interessant å gå der å så, og me fekk også ein fin innføring i histria til kunstnaren av Jon Ytrehorn.



lita jente.
Adam og Eva.
 
 

tirsdag 9. oktober 2012

Tur i haustskogen 2

Denne ettermiddagen gjekk turen frå huset vårt og opp forbi Nausen og til Klimarsætra. Himmelen var blå og det var nysnø i fjella.

                                  Skogen står i haustskrud og har mange fargenyansar i seg.


 
 Denne rogna står oppe på Ørstøylen, og den er rik på fargar og bær.
 
 
 
Råsa er rydda og er som ei gate i skogen, takk til den som har gjort den jobben.
 
 
Turen enda oppe på Klimarsætra, eller oppe ved bjørka som  det også vert sakt.


lørdag 6. oktober 2012

Tur i haustskogen

No er det lenge sidan eg var inn på bloggen min med nye innlegg. Kanskje har den våte hausten lagt ein dempar på skrivelysten. Men i går,den 5. okt. var ein fin dag, og då eg om ettermiddagen gjekk meg ein tur utover vegen, la eg turen opp i Skorgeura. Eg fylgde råsa opp til Kyrkjesteinen. Det var fine haustfargar i både skogbotnen og i trea.


Og mot den klare himmelen, var det fint å sjå på alle fine fargane. Det er lenge sidan eg har vore opp på Kyrkjsteinen, og i dag måtte eg berre klatre opp den fine stigen som er festa til steinen, og kome meg opp.

 Der oppe var utsikta fin utover den haustgule skogen med fjorden og fjella i bakgrunnen.

Bak meg låg skogen mot skorgedalen i haust fargar.
 
Oppe på steinen står to furuer, den eine er etterkart vorte ganske stor, men også andre tre gror der på toppen av den store steinen. Det er rart at dei finn nering til å vokse der, så monge meter over bakken. Og mens trea andre stader måtte gi tapt for orkanen i vinter, stod desse imot.