Eg sat og såg på gamle bilete, som eg har fått lagt inn på dataen, og det var litt rart og sjå og minnes frå den tida eg var barn. Dette bilete har sikkert min onkel Ivar teke, han var ein av dei få som hadde fotoapperat den tida. Eg veit ikkje sikkert når det var teke, men trur det må ver etter krigen, trulig 1946 eller så. Her er samla mest alle borna som då var her på garden,
Her frå skulen, som då var ein todelt skule. Her er småskulen, første til ferde klasse. Me var ikkje store flokken, og å vere åleine jente var vel heller ikkje så greit. Det var fotball i friminutta og ho måtte altid stå i mål, hugsar eg.
Dette bilete er desverre noko skada, men det viser ei Jonsokkfeiring. Me fekk som regel vere i ei løe, den vart kosta og pynta, og me kosa oss med saft og nistepakke. Her står me oppstilte ved gamle Sjurløa, som ofte vart nytta til jonsokkfreiringa.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar