I formiddag lava snøen ned, og det vart fort over 20cm. med nysnø. Det at snøen kjem att om våren, då alle vonar på at no er me ferdige med den og våren skal kome for fult, er ikkje noko uvanleg. Her på Sunnmøre kaller me desse snøridene for Starerida og Erlerida, for det skal kome to slike snørider før me er trygge på at no kjem våren og varmen. I år vart det tidleg snølaust her nede i lavlande og me trudde at me slapp desse snøriene i år. Staren er kanskje komen, om eg ikkje har sett den endå, men Erla er det no endå lenge til at ho kjem.
I ettermiddag letta snøbyene og sola kom fram, og ute i Skorgeura var det reine Julekortstemninga ved dei gamle kernhusa. Så er det kanskje over med snøbyene for denne gong.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar